Meny
Lastebiltrafikken aukar – stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Publisert
23.November.2018

Lastebiltrafikken aukar – stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Dette viser Vestlandsrapporten, som Asplan Viak og NORCE har utarbeida på vegne av Statens vegvesen.

Rapporten er laga på grunnlag av den største godskartlegginga som nokosinne er gjort her til lands.

Her kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ei auke på 100 000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst.

Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.

– Om eg skal trekke frem ei enkeltårsak, så er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhold lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallagre på Austlandet seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord, som er oppdragsleiar i Asplan Viak.

Dette har ført til at «lageret er på vegen», og det har gitt auka etterspørsel etter transport med kort framføringsledetid, god punktlegheit og regularitet

– Det vil altså seie at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten.

Kvalitet styrer val av transportform