Meny
Samferdselsminister Dale til verdskongress om ny transportteknologi

Publisert
17.September.2018

Samferdselsminister Dale til verdskongress om ny transportteknologi

– Heile verda ser til Norge når det er snakk om robuste og raske mobilnett, og elbil. Vi har særs gode føresetnader for å vere i tet i den transportrevolusjonen som no er i gang, og det er viktig at norsk industri tek del i utviklinga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Han deltek tysdag 18. og onsdag 19. september på ITS World Congress i København der ny transportteknologi og digitalisering er tema.

– Eg ser fram til å møte leverandørar og fagfolk frå Norge og resten av verda i København, og til å få presentert gode døme på ny teknologi, seier Dale.

ITS står for intelligente transportsystem. Sentralt i dette teknologifeltet er arbeidet med å gjere transportsektoren smartare, meir sikker og med lågare miljøutslepp gjennom digitalisering og anna informasjonsteknologi. Eit konkret døme på ITS er når bilen din kommuniserer med andre biler eller med omgjevnadane. Vi får utnytta vegen meir effektivt og kan redusere køane, og det vert tryggare å ferdast i vegtrafikken.

Samferdselsministeren legg stor vekt på at norsk industri og norske innovasjonsmiljø har gode mogelegheiter i utviklinga av framtidas transportteknologi:

– Norge er mellom dei leiande maritime nasjonane, med nokre av dei beste innovasjonsmiljøa du kan finne. Autonome skip vil verte eit vanleg syn på verdshava og langs kysten vår. Regjeringa vil at norsk industri skal utvikle og levere mykje av den teknologien som trengs. Transportetatane våre arbeider godt med å leggje til rette for ny teknologi, og ny teknologi er utpeikt som ein føresetnad for å nå måla vi har sett oss i Nasjonal transportplan, seier Dale.