Publisert
21.January.2021
Held fram med å lage døgnkvileplassar for tungtransporten over heile landet
Vegvesenet held fram med å lage døgnkvileplassar for tungtransporten. Nordfjord er ein av plassane som får i år.
Vegvesenet har ein overordna plan (PDF) om at det skal vere slike plassar med jamne mellomrom langs alle dei store gjennomfartsvegane i landet, i tråd med Stortinget sine mål.
Intensjonen er at det i hovudsak skal vere maksimalt 2,5 timar mellom kvar døgnkvileplass. I område med mindre trafikk og andre moglegheiter for å ta pausar kan det vere opp til 3-3,5 timar mellom plassane, heiter det i Vegvesenet si handbok om døgnkvileplassar for tungtransporten (dette temaet er spesielt omtalt frå side 13).
– No er anleggsarbeidet i gang for at dette viktige tilbodet vert etablert også Nordfjord, ved E39 og riksveg 15, seiar seksjonssjef Tone Anette Espe.
Plass til ti bilar
Det er Ålesund-firmaet Retail som vann anbodet på jobben. Kontrakten deira med Vegvesenet har ein verdi på 12 millionar, og varar i ti år med opsjon på ytterlegare to.
Det er Retail som skal drifte anlegget der vil bli ti oppstillingsplassar sentralt på Nordfjordeid.
Det vil bli bygt eit servicebygg med dusj, toalett og tekjøkken. Anlegget skal vere klart til bruk seinast 1. oktober.
– Det er flott at vi har fått avtalen på plass. Vegvesenet tar sitt ansvar for å oppfylle Stortinget sin ambisjon om å bygge gratis plassar slik at tungbilsjåførar kan ha sine lovpålagte kvilepausar, seier Espe.
– Tidlegare Eid kommune, og no Stad kommune, har vore ein viktig samarbeidspartnar og pådrivar for å få lagt til rette for ein døgnkvileplass lokalisert ved Eid næringspark. Dette samarbeidet er viktig for å oppnå målet om å utvikle betre tilbod for transportnæringa, legg ho til.
Dette finst av døgnkvileplassar i Noreg
Per no er dettte døgnkvileplassane i Vest:
- Skei (E16, Sunnfjord kommune, Vestland fylke, 16 plassar, etablert 2014)
- Bergen travpark (E39, Vestland, 25 plassar, etablert 2014)
- Dale (E16, Vaksdal kommune, Vestland, 10 plassar, etablert 2012)
- Voss (E16, Vestland, 10 plassar, etablert 2014)
- Lærdal (E16, Vestland, 10 plassar, etablert 2014)
- Stord (E39, Vestland, 9 plassar, etablert 2011)
- Etne (E134, Vestland, 9 plassar, etablert 2014)
- Røldal (E134, Ullensvang kommune, Vestland, 7 plassar, etablert 2018)
- Søyland (E39, Gjesdal, Rogaland, 9 plassar, etablert 2014)
- Vikeså (E39, Bjerkreim, Rogaland, 13 plassar, etablert 2015)
I resten av landet fordeler plassane seg som følgjer:
Aust:
- E6 Svinesundparken, Halden, Viken, 77 plassar, etablert 2018
- E6 Fugleåsen, Ski, Viken, 122 plassar, etablert 2016
- E6 Ormlia, Eidsvoll, Viken, 47 plassar, etablert 2013
- E6 Minnesund Circle K, Eidsvoll, Viken, 26 plassar, etablert 2015
- E6 Biri travpark, Gjøvik, Innlandet, 30 plassar, etablert 2016
- E6 Vinstra vegpark, Nord-Fron, Innlandet, 60 plasser inkludert 18 plasser for korttidsparkering, etablert 206
- E6 Bekkemoen, Dovre, Innlandet, 6 plassar, etablert 2020
- E18 Ørje, Marker, Viken, 10 plassar, etablert 2017
- E18 Kjellstad sørgående, Lier, Viken, 15 plassar
- E16 Mjøsvang, Vang i Valdres, Innlandet, 15 plassar, etablert 2020
- Rv. 3 Myklagard, Løten, Innlandet, 20 plassar
- Rv. 2, Kongsvinger, 15 plassar
- Rv. 3 Koppang Shell, Stor-Elvdal, Innlandet, 13 plassar, etablert 2014
- Rv. 3 Alvdal, Innlandet, 20 plassar, etablert 2014
- Rv 7 Gol sambruksstasjon, Gol, Viken, 21 plassar, etablert 2018
Sør:
- E134 Høydalsmo, Tokke, Vestfold og Telemark, 12 plassar, etablert 2019
- E134 Edland, Vinje, Vestfold og Telemark, 10 plassar, etablert 2019
- E18 Furulund Kro & Motel, Stokke, Vestfold og Telemark, 40 plassar
- E18 Langrønningen Circle C, Bamble, Vestfold og Telemark, 25 plassar
- E18 Grenstøl St1, Tvedestrand, Agder
- E18 Horisonten Lillesand, Agder, 18 plassar
- E18 Lillesand YX, Agder, 25 plassar, etablert 2015
- E18 Lillesand Circle K, Agder, 10 plassar, etablert 2016
- E39 Livold Circle K, Lindesnes, Agder, 10 plassar
Midt:
- E6 Oppdalsporten, Oppdal, Trøndelag, 15 plassar, etablert 2017
- E6/E39 Klett Circle K, Trondheim, Trøndelag, 22 plassar
- E6 Stav Gjestegård, Malvik, Trøndelag, 25 plassar, etablert 2016
- E6 Gråmyra YX, Levanger, Trøndelag, 10 plassar, etablert 2012
- E6 Brekkvasselv Best, Namsskogan, Trøndelag, 10 plassar, etablert 2011
- E6 Snåsakroa, Trøndelag, 10 plassar, etablert 2020
- E39 Digerneset, Skodje, Møre og Romsdal, 15 plassar, etablert 2015
- Rv. 70 Håsøran, Sunndalsøra, Sunndal, Møre og Romsdal, 12 plassar, etablert 2014
- Rv. 70 Kristiansund, Møre og Romsdal, 19 plassar, etablert 2018
Nord:
- E6 Mosjøen, Vefsn, Nordland, 16 plassar, etablert 2016
- E6 Mo i Rana, Nordland, 10 plassar, etablert 2018
- E6 Storjord, Saltdal, Nordland, 10 plassar, etablert 2020
- E6 Fauske, Nordland, 12 plassar, etablert 2015
- E6 Innhavet, Hamarøy, Nordland, 5 plassar
- E6 Buktamoen, Målselv, Troms og Finnmark, 12 plassar, etablert 2015
- E6 Storslett Circle K, Nordreisa, Troms og Finnmark, 10 plassar, etablert 2017
- E6 Talvik Shell, Alta, Troms og Finnmark, 10 plassar, etablert 2007
- E6/E75 Tana bru, Troms og Finnmark, 10 plassar, etablert 2015
- Rv. 80 Bodø havn, Nordland, 9 plassar, etablert 2016