Biodrivstoff-krav meir enn innfridd

Biodrivstoff-krav meir enn innfridd

Det vart blanda inn heile 16 prosent biodrivstoff i bilbensin og autodiesel i fjor. Dette var langt over kravet på 8 prosent.

 
 

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Førebelse tal basert på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 668 millionar liter bioetanol og biodiesel i 2017.

Dette ga ein innblanding på om lag 16 prosent for bilbensin og autodiesel som er langt over kravet om at drivstoff skulle innehalde 8 prosent biodrivstoff i 2017. Det vart tilsett 74,3 millionar liter bioetanol som gjer ein bioandel på 6,6 prosent for bilbensin i 2017. For autodiesel vart det blanda inn 593,5 millionar liter som ga ein bioandel på 19,4 prosent.

Nedgang i samla sal

Samla sal av petroleumsprodukt enda på 8,5 milliardar liter i 2017. Dette er ein reduksjon på 2,2 prosent eller om lag 189 millionar liter samanlikna med 2016. Både salet av autodiesel og bilbensin vart redusert.

I 2007 vart det for første gang selt meir autodiesel enn bensin og utviklinga har halt fram kvart år etter. i 2017 enda salet av autodiesel på 3,1 milliardar liter, 83 millionar liter mindre enn i 2016 eller ein nedgang på 2,7 prosent. For perioden 2013 til 2016, auka salet av autodiesel med mellom om lag 3 til 5 prosent frå år til år.

Salet av anleggsdiesel vart redusert frå 2016 med 24 millionar liter og salet enda på om lag 897 millionar liter i 2017. Ser ein på salet av auto- og anleggsdiesel samla, vart salet redusert med 108 millionar liter eller 2,7 prosent frå 2016 til 2017.

Lågare sal av bilbensin

I perioden frå 2013 til 2015 var den årlege reduksjonen i salet av bilbensin på mellom 61 og 88 millionar liter. Frå 2015 til 2016 flata nedgangen ut og da vart reduksjonen 22,5 millionar liter. Frå 2016 til 2017 vart bensinsalet redusert med 34 millionar liter eller 2,9 prosent. Alt i alt vart det selt 1,12 milliardar bilbensin i 2017.

 

Samla sal av bilbensin og autodiesel enda på 4,2 milliardar liter i 2017, ein nedgang på 117 millionar liter eller 2,7 prosent samanlikna med året før.

Tal frå statistikken for Registrete kjøretøy frå Statistisk sentralbyrå syner at dei elektriske bilane ved utgangen av 2017, utgjorde 5,1 prosent av personbilbestanden mot 3,7 prosent ved utgangen av 2016. Hybrid personbilar tilsvara 5,3 prosent av personbilbestanden.

I 2017, auka bestanden av diesel personbilar med 1,4 prosent og dieselbilane utgjorde 47,6 prosent av bestanden. Sjølv om salet av dieselbilar gradvis reduseras etter endring av eingongsavgifta frå og med 2012, auka altså fremdeles bestanden. Dette heng saman med at dieselbilane i gjennomsnitt er betydelig yngre enn personbilane og først vil skiftas ut i større skala om noen år. For fire-fem år sidan var omtrent halvparten av dei nyregistrerte personbilane utstyrt med dieselmotor. Om lag 80 prosent av personbilane på norske vegar, er eldre enn fire år gamle. Det betyr at det framleis vil være mange personbilar på norske vegar som kjem til å fylla diesel i åra som framover. 

Liten auke i bruken av tungolje og tungdestillat

Det har vore politisk ynske om overgang til alternative type drivstoff med lågare svovelinnhald som er meir miljøvenlege. Internasjonale lovverk som forbyr bruk av drivstoff med høgt svovelinnhald, vart gjeldande frå januar 2015. Etter lovverket vart innført ble salet halvert frå 2014 til 2015 og reduksjonen halt fram i 2016.

I 2017 auka derimot salet av tungdestillat og tungoljer med 5,7 millionar liter og det samla salet enda på 120 millionar liter. 

Mindre fyringsprodukt

I klimaforliket frå 2012 vart det foreslått forbod mot bruk av fossil fyringsolje frå 2020, dette omfattar både fyringsolje og fyringsparafin. I 2010 vart det selt 552 millionar liter fyringsolje, i 2017 enda salet på om lag 178 millionar liter. Dette er 34 millionar mindre salet i 2016 og første gong salet er under 200 millionar liter.

Salet av fyringsparafin er marginalt og enda på 15 millionar liter for heile 2017, 4,4 millionar liter mindre enn året før. Salet av fyringsolje og fyringsparafin utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2017 utgjorde dei 2,2 prosent.

Andre petroleumsprodukt

Marine gassoljer stod for om lag 14 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det vart selt 1,2 milliardar liter i 2017. Dette er 111 millionar liter mindre enn i 2016. Det har vært ein jamn nedgang i salet av marine gassoljer dei siste åra.

Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter jetparafin. Dette er ein auke på om lag 42 millionar liter samanlikna med 2016. Sal av jetparafin stod for 13 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2017.

ALKOLÅS/12. desember 2018

Alkolås skaper økt trygghet for kommunale kjøretøy

Norske kommuner og fylkeskommuner eier mange biler, nyttekjøretøy og busser. Stadig flere kjøretøy i Norge får nå innmontert alkolås som følge av at Stortinget våren 2018 vedtok endringer i vegtrafikkloven. De nye reglene som trer i kraft fra nyttår betyr at alle nye busser og minibusser som skal brukes i persontransport mot vederlag fra 1. januar 2019 skal ha alkolås. Les hele saken

LOGISTIKK/10. desember 2018

Samarbeider for å redusere time-to-market for 3D-printede deler

PostNord AB, leverandøren av kommunikasjons- og logistikkløsninger i Norden, kunngjorde at selskapet har inngått partnerskap med GKN Powder Metallurgy, en ledende innovasjonsutviklingspartner innen produksjonsindustrien. Samarbeidet vil gjøre 3D-print av deler i produksjonsindustrien til et mer åpent og tilgjengelig marked. Les hele saken

Til toppen