Internasjonal hydrogenbilturné startet i Bergen

Internasjonal hydrogenbilturné startet i Bergen

Ti hydrogenbilar rulla mandag ut frå Bergen og sette kursen mot Italia. Dei kom til Bergen med full hydrogentank, ettersom næraste fyllestasjon er i Porsgrunn.

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

Det er bilfirmaet Hyundai som stiller med 10 bilar til ferda og med følgjer 10 journalistar frå Tyskland, England, Finland og Ungarn.

Turneen strekkjer seg over fem køyredagar mellom byane Bergen – Aalborg – Hamburg – Düsseldorf – München – Bolzano som til saman er 2500 km.

Venter berre på Enova

Fylkestinget har løyvd fire millionar kroner til to hydrogenfyllestasjonar i bergensområdet. På Danmarksplass er det avsett plass for stasjonen, men førebels manglar delfinansieringa frå Enova før operatøren, Uno-X, kan etablere den. Fylkeskommunen er i dialog med Enova for å sikre ein god framdrift.

– Eg er glad for at eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen no har innstilt overfor Stortinget at regjeringa gjennom ein ny avtale og mandat for Enova skal sikre støtte til etablering av eit nettverk av hydrogenstasjonar i dei største byane og korridorane mellom, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

– I innstillinga står det også at dei skal syte for at dei første stasjonane vert etablert i 2017, og det bør bety at stasjonen på Danmarksplass kan opne om ikkje så lenge, seier Kårbø.

Best i klassen

Hordaland er best i klassen når det gjeld tal nullutsleppsbilar på vegane ettersom kvar tredje bil som blir selt er ein nullutsleppsbil. Det er det høgaste talet for ein region i heile EU. Ti prosent av bilane som køyrer gjennom bompengeringen er elbiler. Fylkeskommunen har tilrettelagt for desse gode tala gjennom å etablere hurtigladestasjonar og normalladestasjonar mange stader i fylket. Denne suksessen i internasjonal samanheng er hovudgrunnen til at hydrogenturneen startar nettopp i Bergen.

Politiske verkemiddel og flott vestlandsnatur

Grunnen til at billøpet starta i her er for det fyrste at Hordaland er eit fylke med ein høg del nullutsleppsbilar. For det andre ønskjer Hyundai å vise fram hydrogenbilane i flott natur. For det tredje vil dei setje fokus på at fyllestasjonane manglar for at hydrogen kan bli et reelt alternativ.

Hydrogenbilar har ei rekkevidde på 500 - 600 km. Det finst berre 71 fyllestasjonar i Europa, men for ruta som er valt skal det rekke heilt til Bolzano.

– Hordaland fylkeskommune støttar teknologi for å sikre målet om nullutslepp, og fylkespolitikarane har difor løyvd pengar til innkjøp av to hydrogenbilar, vel og merke når fyllestasjonen er på plass, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

TUNGTRANSPORT/20. november 2018

Vekekvilen til tungbilsjåførar skal bli kontrollert

– Regjeringa jobbar for trafikktryggleik, sunne konkurransevilkår og gode arbeidsmiljø for yrkessjåførar. Vi ønsker til dømes ikkje at tungbilsjåførar bur i køyretøya sine over lengre periodar. Eg er derfor glad for at Statens vegvesen no har gjennomført eit forsøk med kontroll for å hindre at tungbilsjåførar tar vekekvilen i køyretøya, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Les hele saken

TRAFIKK/20. november 2018

Politiet får tilgang til vegvesenets registre

– Regjeringa er opptatt av å kjempe mot og førebygge kriminalitet, og vi ønsker å sikre politiet sitt behov for opplysningar. Difor foreslår regjeringa no at politiet får tilgang til opplysningar frå motorvogn-, førarkort og bilderegisteret til Statens vegvesen. Tilgang til informasjon til dømes frå desse registra kan vere avgjerande for eit effektivt politiarbeid, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Les hele saken

VEGTRANSPORT/19. november 2018

Noreg ønskjer klare reglar, betre arbeidsvilkår og tryggare vegtransport

– Det er viktig å fremme norske posisjonar i EU-systemet. Eg er oppteken av å bruke dei kanalane vi har til å påverke utviklinga av regelverket som gjeld vegtransport. I lag med dei andre landa i Road Alliance vil vi sikre ein meir rettferdig konkurranse, innføre betre køyre- og kvitetidsordningar og hindre sosial dumping, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Les hele saken

Til toppen