Kontrollen av tunge køyretøy i Nord-Noreg blir styrka
(Foto: Olav Heggø / Samferdselsdepartementet)

Kontrollen av tunge køyretøy i Nord-Noreg blir styrka

– I lys av dei alvorlege ulykkene med tungbil denne vinteren, har eg no bedt Statens vegvesen om å styrke kontrollinnsatsen i Nord-Noreg. I tillegg vil tollvesenet styrke dekk- og kjettingkontrollane på grenseovergangane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

– Det skal vere trygt å ferdast på norske vinterveger. Regjeringa si auka satsing på utekontrollverksemd blir difor vidareført og styrka. Tilstrekkeleg beredskap i vintersesongen er viktig, slik at vi både unngår ulukker og hindrar at fastkøyrde tunge køyretøy skapar kaos i trafikken. Etter fleire alvorlege hendingar med tunge køyretøy den siste tida, vil eg òg sjå på moglegheitene for å skjerpe krava til vinterdekk ytterlegare, seier Dale.

Styrka krav for utanlandske sjåførar til køyring under ekstreme vêrforhold

Det kan vere utfordrande å køyre i Noreg på vinterføre, og god kompetanse blant sjåførane som køyrer er viktig. Regjeringa har dei siste åra jobba systematisk opp mot EU-systemet for å få på plass styrka krav til vinterkompetanse for utanlandske sjåførar.

– Dette har vi vunne fram med. Yrkessjåførdirektivet i EØS er no revidert, og frå 2020 vil det bli stilt styrka krav til sjåførane sin kompetanse til køyring under ekstreme vêrforhold, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Etter blant anna aktivt arbeid frå norske myndigheiter, blei styrka krav til kompetanse til å køyre under ekstreme vêrforhold del av det endelige kompromisset om revidering av yrkessjåførdirektivet i EØS. Politisk leiing i Samferdselsdepartementet hadde tatt opp saken både i brev og møter.

– Det er bra at dette kjem på plass, sjølv om det er noko fram i tid. Dette vil bidra til å betre forholda på norske vinterveger, saman med dei andre tiltaka vi alt har gjennomført. Farlege vogntog skal bort frå norske veger, seier Dale.

Ein rekkje tiltak er gjennomført sidan 2013

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. Mellom anna:

  • Vi har sidan 2013 auka satsinga på kontrollar av tunge køyretøy kraftig. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting, bremsar og om køyretøyet er eigna, for å hindre ulykker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.
  • Vi har vidare gitt Statens vegvesen betre verktøy og stramma inn lovverket. Gjennom risikobaserte kontrollar får vi betre kvalitet og meir målretta kontrollar.
  • Vidare er samarbeidet mellom Vegvesenet, Politiet, Arbeidstilsynet, Tolletaten og Skattetetaten om kontroll på vegtrafikkområdet styrka, blant anna gjennom at samhandlingsplanar mellom etatane er sett i verk no i 2019 . Tollmyndigheitene har òg fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk.
  • Vidare har regjeringa innført strengare krav til dekk og utstyr. Mellom anna er det no krav til vinterdekk på alle akslar på tunge køyretøy og tilhengarane deira.
  • Vi har også styrka retten til å holde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav. Ved behov tar vi no i bruk hjullås, slik at køyretøy kan holdas fysisk tilbake.
  • Det er i tillegg etablert eit informasjonsopplegg retta mot utanlandske sjåførar om vanskelege køyreforhold på vinteren. Gjennom kampanjen "trygg trailer" får transportbedriftene informasjon om krava til utstyr, slik at dei sjølv kan ta ein enkel sjekk av "sine" lastebilar.

SYSTEM/ 9. april 2019

Lanserer smart og sikkert styresystem som styrer alt utstyr på lastebilen

Etter et par år med utvikling og harde tester er Mählers nye proporsjonale styresystem MC3 nå klart til lansering. Systemet er utviklet for mykere, sikrere og mer intuitiv styring av både plog, høvelblad, spreder og tippflak. MC3 er bygd for fjernsupport; via mobilnettet kan man koble opp styresystemet og få teknisk support, uavhengig av hvor man befinner seg. MC3 oppfyller dessuten den nyeste og ledende maskinsikkerhetsstandarden, EN ISO 13849, og er dermed et av de sikreste styringssystemene på markedet for veivedlikeholdsprodukter. Les hele saken

LOGISTIKK/ 8. april 2019

Satser på bærekraftig vekst

Dachser rapporterte en betydelig vekst også for 2018. Logistikkleverandøren økte nettoomsetningen med 5,5 prosent til 5,57 milliarder euro. I likhet med året før økte antall forsendelser med 2,5 prosent, til 83,7 tonn, og antall tonn økte med 3,0 prosent, til 41,3 tonn. Med totalt 30 609 ansatte, en økning på 1511 fra året før, er Dachsers arbeidsstyrke større enn noen gang. Les hele saken

Til toppen