Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar.
Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar. (Foto: Shuttlestock)

Lastebiltrafikken aukar - stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Dette viser Vestlandsrapporten, som Asplan Viak og NORCE har utarbeida på vegne av Statens vegvesen.

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

Rapporten er laga på grunnlag av den største godskartlegginga som nokosinne er gjort her til lands.

Her kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ei auke på 100 000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst.
Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport. 
 
– Om eg skal trekke frem ei enkeltårsak, så er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhold lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallagre på Austlandet seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord, som er oppdragsleiar i Asplan Viak.  

Dette har ført til at «lageret er på vegen», og det har gitt auka etterspørsel etter transport med kort framføringsledetid, god punktlegheit og regularitet.

– Det vil altså seie at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten.

Kvalitet styrer val av transportform​

Som eit ledd i undersøkinga utførte Asplan Viak ei rekke dybdeintervju for å få svar på kva det er som bestemmer val av transportform. 

– Vi hadde 25 dybdeintervju med sentrale aktørar i bransjen, og svaret var ganske eintydig: Kvalitet styrer val av transportform, deretter pris, seier Sundfjord.

Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak

Det viktigaste for val av transportform er framføringstid (herunder regularitet), fleksibilitet og framføringssikkerhet. I tillegg spelar pris inn, men pris er underordna behovet for å få levert godset til rett tid.

Moglege tiltak for å nå den nasjonale målsettinga

Det er mange tiltak som må verke saman for at det skal kunne skje ei endring slik at meir av godstransporten går over til sjø og bane.

– For jernbanen vil det mellom anna vere viktig å utbetre infrastrukturen (raskare bane med fleire kryssingsspor) slik at tidsluker for levering blir tilpassa etterspørselen i marknaden, dvs. transport over natta med levering tidleg morgon, påpeikar Sundfjord.  

På Sørlandsbanen er ikkje dette godt tilrettelagt i dag, og jernbanen slit i konkurranse med vegtransporten. På Bergensbanen fungerer det for så vidt bra.

– Men det er dessverre ikkje kapasitet til fleire leveransar i den viktige tidsluka tidleg om morgonen. I Bergen er difor terminalen ei viktig begrensing.

Sjøvegen er ei billig form for transport for verksemder med store godsmengder, men utfordringa på Vestlandet er å bygge opp eit ruteopplegg med høg nok frekvens til at tilstrekkeleg mange verksemder vel å bruke det.

– Konsolidering av gods blir dermed viktig, det vil seie å samle saman så mykje gods i omlandet til hamna at skipsreiarlaga finn det interessant å bygge opp eit godt rutetilbod med konteinar- og RoRo-skip. Nye metodar for konsolidering av gods er difor viktig, og det skjer no ei utvikling på det feltet, seier rådgivaren i Asplan Viak, Øyvind Sundfjord.

SYSTEM/ 9. april 2019

Lanserer smart og sikkert styresystem som styrer alt utstyr på lastebilen

Etter et par år med utvikling og harde tester er Mählers nye proporsjonale styresystem MC3 nå klart til lansering. Systemet er utviklet for mykere, sikrere og mer intuitiv styring av både plog, høvelblad, spreder og tippflak. MC3 er bygd for fjernsupport; via mobilnettet kan man koble opp styresystemet og få teknisk support, uavhengig av hvor man befinner seg. MC3 oppfyller dessuten den nyeste og ledende maskinsikkerhetsstandarden, EN ISO 13849, og er dermed et av de sikreste styringssystemene på markedet for veivedlikeholdsprodukter. Les hele saken

LOGISTIKK/ 8. april 2019

Satser på bærekraftig vekst

Dachser rapporterte en betydelig vekst også for 2018. Logistikkleverandøren økte nettoomsetningen med 5,5 prosent til 5,57 milliarder euro. I likhet med året før økte antall forsendelser med 2,5 prosent, til 83,7 tonn, og antall tonn økte med 3,0 prosent, til 41,3 tonn. Med totalt 30 609 ansatte, en økning på 1511 fra året før, er Dachsers arbeidsstyrke større enn noen gang. Les hele saken

Til toppen