Norgeshistorias største godsundersøking – på 48 timar
(Foto: NHO)

Norgeshistorias største godsundersøking – på 48 timar

Onsdag og torsdag denne veka skal all godstransport på heile Vestlandet registrerast i det som truleg blir norgeshistorias største godsundersøking. Målet er å kartlegge alt gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet.

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

– Dette er veldig spanande, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Han har ansvaret for prosjektet der 230 personar skal stoppe og intervjue sjåførane på alle tunge køyretøy. Det blir gjort ved 21 punkt langs Vestlandet i dei to døgera undersøkinga varer.

– Vi stoppar tungtrafikken og intervjuar sjåførane. Dette gjer vi på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar.

I tillegg blir det henta inn statistikk og gjort intervju på dei store godsterminalane og i hamnene lang kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Målet er at så godt som all godstransport i dei fire Vestlandsfylka skal kartleggast.

Poenget er å få ein oversikt

Godsundersøkinga skal gi meir kunnskap i arbeidet med å nå måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. I tillegg er det eit mål å få meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.

– Poenget er å få ein oversikt over kvar transporten kjem frå, kvar den skal, og kva gods som blir frakta, og kor mykje det er, seier Børtveit.

Vegvesenet gjorde ei liknande undersøking, men i mindre omfang, i 2012.

– Når rapportane frå årets undersøking er ferdig kan vi samanlikne og sjå om det har vore endringar i godstransporten dei siste åra.

Børtveit håpar å sjå utviklingstrekk og kanskje identifisera rammevilkår, tiltak og endringar som har bidrege til endringar i godsstraumar.

– Etterpå kan vi komme med forslag til tiltak og kva vi meiner overføringspotensialet frå veg til sjø og bane er, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Statens vegvesen er oppdragsgjevar for undersøkinga saman med fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, medan Asplan Viak og IRIS har fått oppdraget med å lage ein hovudrapport samt delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant. 

SELVKJØRENDE/21. mai 2019

Nå er Ruters første selvkjørende busser i drift

Ved 14-tiden i går rullet Ruters selvkjørende busser "Mads" og "Oda" avgårde på sin første ordinære kjøretur mellom Kontraskjæret og Vippetangen i Oslo. Fra og med i dag kan alle med gyldig Ruter-billett benytte seg av det nye reisetilbudet. Kjøretøyene har 11 sitteplasser for passasjerer og vil kjøre i opptil 18 km/t. Les hele saken

LOGISTIKK/21. mai 2019

Først i Norge med 32 meters vogntog

Schenker AS planlegger som første logistikk selskap i Norge å teste ut vogntog av typen DUO2, med en lengde på 32 meter. Basert på erfaringene med innføring av vogntog på 25,25 meter, som Schenker AS fikk godkjent for prøvedrift, og senere ordinær trafikk, vil selskapet starte med testkjøring på Norske veier med 32 meters vogntog med en kapasitet på 80 tonn. Les hele saken

Til toppen