Vekekvilen til tungbilsjåførar skal bli kontrollert
(Foto: Olav Heggø)

Vekekvilen til tungbilsjåførar skal bli kontrollert

– Regjeringa jobbar for trafikktryggleik, sunne konkurransevilkår og gode arbeidsmiljø for yrkessjåførar. Vi ønsker til dømes ikkje at tungbilsjåførar bur i køyretøya sine over lengre periodar. Eg er derfor glad for at Statens vegvesen no har gjennomført eit forsøk med kontroll for å hindre at tungbilsjåførar tar vekekvilen i køyretøya, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Motta nyhetsbrev fra Transport & Logistikk

Det er forbode for sjåførar å ta normal vekekvil i køyretøya. Det blei stadfesta av EU-domstolen i desember 2017 at køyre- og kviletidsforordninga gir eit slikt forbod. Ein normal vekekvil skal vere minst 45 timer, og sjåføren skal ha minst ein slik kvil i løpet av to veker.

Utbreidd praksis med kvil i køyretøyet

Natt til måndag gjennomførte Statens vegvesen eit forsøk med kontroll av at tungbilsjåførar ikkje tar normal vekekvil i kjøretøyet. Denne gongen blei kontrollen gjort for å hauste erfaringar, og det var berre sjåførar i områda Larvik-Porsgrunn og Kristiansand som blei kontrollerte.

– Denne første kontrollen viser at det er eit behov for slike kontrollar. Kontrollen natt til måndag viste at kvil i køyretøyet er utbreidd. Det viste seg også at mange sjåførar ikkje var merksame på at normal vekekvil i køyretøya er ulovleg i Noreg, seier Dale.

Manglande krav til dokumentasjon gjer at kontrollmyndigheita må tenke nytt når det gjeld å avdekke brot. Difor valde Statens vegvesen ikkje å melde nokon av dei mistenkte brota til politiet under denne første aksjonen. Vidare vil dei jobbe med korleis ein gjennomfører slike kontrollar. Der det blir avdekt brot, vil transportføretaket sjåføren er tilsett i, bli meld til politiet.

SYSTEM/ 9. april 2019

Lanserer smart og sikkert styresystem som styrer alt utstyr på lastebilen

Etter et par år med utvikling og harde tester er Mählers nye proporsjonale styresystem MC3 nå klart til lansering. Systemet er utviklet for mykere, sikrere og mer intuitiv styring av både plog, høvelblad, spreder og tippflak. MC3 er bygd for fjernsupport; via mobilnettet kan man koble opp styresystemet og få teknisk support, uavhengig av hvor man befinner seg. MC3 oppfyller dessuten den nyeste og ledende maskinsikkerhetsstandarden, EN ISO 13849, og er dermed et av de sikreste styringssystemene på markedet for veivedlikeholdsprodukter. Les hele saken

LOGISTIKK/ 8. april 2019

Satser på bærekraftig vekst

Dachser rapporterte en betydelig vekst også for 2018. Logistikkleverandøren økte nettoomsetningen med 5,5 prosent til 5,57 milliarder euro. I likhet med året før økte antall forsendelser med 2,5 prosent, til 83,7 tonn, og antall tonn økte med 3,0 prosent, til 41,3 tonn. Med totalt 30 609 ansatte, en økning på 1511 fra året før, er Dachsers arbeidsstyrke større enn noen gang. Les hele saken

Til toppen