Meny
Kontroll av alle vogntog på grensa ga nyttige erfaringar

Publisert
27.February.2019

Kontroll av alle vogntog på grensa ga nyttige erfaringar

– I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, vil eg ikkje la nokon aktuelle tiltak stå uprøvd. Mange har ønska at vi skal kontrollere alle vogntog som kryssar grensa inn til Noreg. Det ville eg gje eit forsøk. Tysdag kveld kontrollerte vi alle vogntoga som kom over grensa ved Ørje i Østfold. Det ga fleire nyttige erfaringar som vi vil ta med oss vidare i arbeidet for å trygge vegane våre, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Tysdag kveld deltok samferdselsministeren på ein kontroll av alle vogntog som kom over grensa til Ørje kontrollstasjon, saman med statsminister Erna Solberg.

– Det skal vere trygt å ferdast på norske vintervegar. Regjeringa har auka satsinga på utekontrollverksemd dei siste åra. Det vil vi halde fram med. Tilstrekkeleg beredskap i vintersesongen er viktig, slik at vi både unngår ulukker og hindrar at fastkøyrde tunge køyretøy skapar kaos i trafikken. Etter fleire alvorlege hendingar med tunge køyretøy i vinter vurderer vi fleire ulike tiltak for å betre situasjonen.

– I januar i år bad eg Vegdirektoratet om å skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Farlege vogntog skal bort frå norske vegar. Dette er eit tiltak i arbeidet for auke sikkerheit og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale.

– Vi ønsker også å skjerpe reaksjonane for vogntog som ikkje er skodd for norsk vinterføre. Gebyrsatsane bør aukast om du ikkje har med riktig utstyr for å køyre på norske vinterveger. Dette har eg gitt Vegdirektoratet i oppdrag å utreie no, seier Dale.

– Kontrollen av alle vogntog som kryssa grensa ved Ørje er ein annan type tiltak. Den har gitt oss nyttige erfaringar, seier Dale.

Ein rekkje tiltak er gjennomført sidan 2013

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. Mellom anna:

Vi har sidan 2013 auka satsinga på kontrollverksemda av tunge køyretøy kraftig. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting, bremsar og egnethet for å hindre ulykker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.

Vi har vidare gitt Statens vegvesen betre verktøy og stramma inn lovverket. Gjennom risikobaserte kontrollar får vi betre kvalitet og meir målretta kontrollar.

Vidare er samarbeidet mellom vegvesenet, politiet, arbeidstilsynet, tolletaten og skattetetaten om kontroll på vegtrafikkområdet styrka, blant anna gjennom at samhandlingplanar mellom etatane er iverksette no i 2019 . Tollmyndigheitene har òg fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk.

Vidare har regjeringa innført strengare krav til dekk og utstyr. Mellom anna er det no krav til vinterdekk på alle akslar på tunge køyretøy og tilhengarane deira.

Vi har også styrka retten til å holde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav. Ved behov tar vi no i bruk hjullås, slik at køyretøy kan holdas fysisk tilbake.

Retten til å holde køyretøy tilbake er styrka, og det er satt i verk ulike typar informasjonsarbeid.

Det er i tillegg etablert eit informasjonsopplegg ovafor utanlandske sjåførar om vanskelege køyreforhold på vinteren, og gjennom kampanjen “trygg trailer” får transportbedrifta informasjon om krava til utstyr, slik at dei sjølv kan foreta ein enkel sjekk av “sine” lastebilar.