Publisert
19.February.2019
Korleis skal vi løyse framtidas transportutfordringar
– Digitalisering og autonomi brukt på rett måte kan skape ein betre reisekvardag, effektivisere næringstransporten og hjelpe oss å nå andre viktige mål i transportpolitikken. Teknologi vil også vere avgjerande for å oppnå utslippskutt. Eg er difor glad for at vi gjennom Transport21 no samlar flinke og engasjerte folk som kan gje oss råd om korleis vi best kan innrette innsatsen for forsking og innovasjon i samferdselssektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Forskingsrådet finne ut på kva måte forsking, utvikling og innovasjon best kan vere med på å løyse store transportutfordringar.
Arbeidet skal skje i ein såkalla 21-prosess, med representantar frå næringsliv og kunnskapsmiljø samla i ei strategigruppe. Ruter-sjef Bernt Reitan Jenssen er utpekt til leiar. Strategigruppa skal levere sin rapport til Samferdselsdepartementet hausten 2019.
Transportsektoren står ovanfor store utfordringar knytt til framkome, klima/miljø og transportsikkerheit. Forsking, utvikling og innovasjon må til for å løyse desse utfordringane, heiter det i mandatet til strategigruppa.
Det er eit særleg mål for Transport21 å fremje næringslivets interesse for og innsats innan forsking, utvikling og innovasjon.
– I Noreg har vi på nesten unikt vis teke i bruk ressursar frå heile landet vårt. Verdiskaping i Noreg er avhengig av mykje transport, også i framtida – og den må vere effektiv, trygg og til å stole på. Transportsektoren må henge med på teknologiutviklinga, og vere tidleg ute når det er rett. Eg er derfor særleg nøgd med at Transport21 også vil gje regjeringa råd om pilotering og testing av konkrete løysingar. Transportsektoren sjølv og alle som arbeider tett på den har mykje å vinne på å vere best mogleg budd på framtida. Vi ser at ny teknologi skapar både nye moglegheiter og nye utfordringar, seier samferdselsministeren.
Regjeringa har tidlegare sett i arbeid fleire 21-prosessar, til dømes Digital21, Energi21 og Maritim21.
Medlemmer i strategigruppa
Bernt Reitan Jenssen (leiar) – Administrerande direktør, Ruter
Silvija Seres – President, Polyteknisk forening (Oslo)
Stein W. Wallace – Professor Dep. of Business and Management Science, NHH (Bergen)
Rune Storvold – Forskingssjef, NORCE (Tromsø)
Torbjørn Johannson – Styreleiar, ASKO (Oslo)
Anna von Streng Velken – Seksjonsleiar Transport og luftkvalitet, Miljødirektoratet (Oslo)
Nils Kalstad Svendsen – Leier av Dept. of Information Security and Communication Technology, NTNU Gjøvik (Gjøvik)
Ketil Olaf Paulsen – Teknologileiar Kongsberg Maritim, Kongsberggruppen (Kongsberg)
Basit Mohammad – Seniorrådgjevar Innovasjon, Avinor (Oslo)
Ragnhild Wahl – Fagansvarleg FoU, Jernbanedirektoratet (Trondheim)
Hanne Nettum Breivik – Direktør, Entur (Oslo)
Beate Kvamstad-Lervold – Leiar for SINTEFs mobilitetssatsing, SINTEF (Trondheim)
Gina Ytteborg – Avdelingsdirektør, Statens vegvesen (Oslo)
Patrick Waldemar – Forskingssjef, Telenor (Oslo)
Gunnar Lindberg – Direktør, Transportøkonomisk institutt (Oslo)
Siri Vasshaug – Prosjektleiar, Smartere Transport Bodø (Bodø)
Thorkel Askildsen – Seniorrådgjevar, Kystverket (Arendal)