Publisert
08.October.2018
Satsinga på samferdsel held fram
– Regjeringas satsing på samferdsel bind landet tettare saman. Vi byggjer veg og jernbane i eit tempo som aldri før, og vi satsar på teknologi. Gjennom det skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane. Regjeringa foreslår å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Dette er ein auke på 5,4 milliardar kroner eller 7,9 prosent frå saldert budsjett 2018. Med dette forslaget har samferdselsbudsjettet auka med heile 75 prosent sidan 2013.
Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at regjeringa i dag legg fram statsbudsjettet for 2019.
– God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd. I 2019 foreslår regjeringa å løyve 73,1 milliardar kroner til samferdsel. Av dette går 65,2 milliardar kroner til å følgje opp Nasjonal transportplan 2018-2029. Hovudprioriteringane våre i samferdselsbudsjettet tek også utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan, med betre framkome for personar og gods i heile landet, færre transportulykker og lågare utslepp av klimagassar, seier Dale.
Vidare satsing på veg og trafikktryggleik
– Betre vegar skaper ein betre reisekvardag for pendlarar og oss alle, og gjer at godstrafikken kjem raskare fram. I tillegg veit vi at trygge og sikre vegar er avgjerande i arbeidet med trafikktryggleiken. Denne regjeringa har auka satsinga kraftig på vedlikehald av og investering i vegar. Vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet blei frå 2015 redusert for første gong på fleire tiår. Med budsjettforslaget vil det samla vedlikehaldsetterslepet på riksveg bli redusert med om lag 1,8 milliardar kroner i 2019, seier Dale.
Regjeringa foreslår om lag 5,7 milliardar kroner til vedlikehald og fornyingstiltak på riksveg i 2019. Det er ein auke på om lag 600 millionar kroner frå 2018. Sidan 2015 er vedlikehaldsetterslepet blitt redusert med om lag 7 milliardar kroner.
– Med opning av mange vegstrekningar og til saman 104 kilometer med firefelts motorveg, bind vi landet tettare saman. I 2019 foreslår vi vidare å starte opp fleire nye vegprosjekt, seier Dale.
Til konkrete trafikktryggleikstiltak foreslår regjeringa 514,4 millionar kroner i 2019. I tillegg er det lagt til grunn om lag 40 millionar kroner i ekstern finansiering. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre de alvorlegaste ulykka, som møteulukker og utforkøyringsulukker. Dette kjem i tillegg til satsinga på å byggje nye veger og vedlikehalde eksisterande.
Styrkinga av jernbanen held fram
Satsinga på jernbane har gitt resultat. Passasjerar og næringsliv har fått eit stadig betre togtilbod. Vi ser ein kraftig vekst i talet på reisande, talet på avgangar aukar, og toga blir fornya.
– Vi held fram å styrkje arbeidet for å løfte norsk jernbane til eit moderne og velfungerande transportsystem, som kan frakte store mengder menneske til jobb kvar einaste dag på ein miljøvennleg måte. Jernbanebudsjettet på 26,4 milliardar kroner i 2019 er om lag 2,9 milliardar kroner eller 12,4 prosent meir til jernbanesatsing enn i 2018, seier Dale.
Vidare foreslår regjeringa å løyve 160 millionar kroner til å oppgradere og fase inn nye tog. Det blir sett inn nye togsett på Austlandet og Vossebanen.
Eit betre kollektivtilbod
– Det skal vere attraktivt å velje miljøvennlege reisemåtar. Regjeringa held fram satsinga på jernbanen, og foreslår i tillegg å auke satsinga på anna kollektivtransport, og gang- og sykkelvegar. Regjeringa foreslår over 3,7 milliardar kroner til bymiljø- og byvekstavtalane og belønningsordninga i dei ni største byane. Dette er ein auke på om lag 50 prosent frå 2018, seier Dale.
For dei fire største byområda som inngår i ein bymiljø- eller byvekstavtale, tek staten halvparten av rekninga i store kollektivinfrastrukturprosjekt. I 2019 foreslår regjeringa å nær doble satsinga samanlikna med 2018. Fornebubanen i Oslo og Akershus, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, Metrobuss i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren vil få over 1,5 milliardar kroner.
Legg til rette for sjøtransporten
Regjeringa har eit mål om å overføre meir gods frå veg til sjø. Det styrkjer nærskipsfarten, gir miljøgevinst og færre lastebilar på vegane våre.
– Vi vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for ei styrking av sjøtransporten. Vi ser at skipa blir stadig større, og dette skaper store utfordringar når dei skal inn til hamnene. Det er difor heilt naudsynt å utbetre farleiene for å leggje til rette for innsegling med større fartøy. Regjeringa foreslår midlar til både ferdigstilling og oppstart av farleiprosjekt i 2019, seier Dale.
Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga med 40 millionar kroner for å trappe opp arbeidet med vedlikehald av navigasjonsinnretningar til sjøs.
Luftfart
– For regjeringa er det høgt prioritert å sikre eit godt transporttilbod til Distrikts-Norge. Ein viktig del av dette er å sikre eit godt flytilbod i distrikta. Difor har vi ei rekke tiltak som bidreg til å halde oppe eit omfattande regionalt flyrutenett, seier Dale.
Av dei om lag 1,1 milliardar kronene regjeringa foreslår å løyve til luftfartsformål i 2019, går difor 717,4 millionar kroner til kjøp av flytransport, og 31 millionar kroner til driftstilskot til ikkje-statlege flyplassar.
Posttenester
Regjeringa foreslår 534 millionar kroner til statleg kjøp av ulønnsame post- og banktenester. Dette er med på å finansiere postomdeling fem dagar i veka i heile landet i 2019, grunnleggande banktenester i landpostnettet og gratis framsending av blindeskriftsendingar. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 83,4 millionar kroner til laurdagsomdeling av aviser.
Tidlegare oppstart av 5G
God mobildekning er ein føresetnad for å sikre busetting og næringsliv i heile landet. Regjeringa vil leggje til rette for neste generasjons mobilnett, 5G. Staten har difor inngått avtale om tidleg frigjering av frekvensar i 700 MHz-bandet. Regjeringa foreslår å løyve 150 millionar kroner til dette, noko som legg til rette for avanserte mobiltenester og tidlegare oppstart av 5G i Norge.
– Målet er at Norge skal liggje i fremste rekke i å ta i bruk ny teknologi. Det skal være attraktivt å investere i Norge, og vi som myndigheter skal spille på lag. Med 5G får vi ikkje berre ei raskare versjon av 4G som vi kjenner i dag, det blir ei plattform for innovasjon og verdiskaping. Vi ser allereie at norske selskap og gründere har begynt å posisjonere seg i denne marknaden. Her er det store mogligheiter for norske aktørar, seier Dale.